Dataopplæring for seniorar: gratis grunnkurs

I haust kan du som kan litt eller kanskje litt meir, ta grunnkurs i data.- Dette burde vera obligatorisk i alle kommunar, seier Arne Herdlevær som har tatt dette kurset.

Arne Herdlevær er svært glad for tilbodet om datakurs for seniorar i Øygarden. - Dette burde vera obligatorisk i alle kommunar, seier han. - Klikk for stort bileteArne Herdlevær er svært glad for tilbodet om datakurs for seniorar i Øygarden.

På kurset kan du læra å nytta nyttige digitale offentlege tenester, grunnleggjande datatryggleik, videomøte og bestilling av varer og tenester.

Kursopplegget er delt inn i tre kategoriar:

  • Lite forkunnskap (start 26. september klokka 10.00)
  • Noko forkunnskap (start 24. oktober klokka 10.00)
  • Oppfrisking og kunnskap for tidlegare kursdeltakarar (start 5. desember klokka 10.00)

I følgje Arne Herdlevær er det ikkje tilstrekkeleg at det offentlege digitaliserer utan at det vert gjeve tilbod om opplæring i data. Han er svært glad for at det i haust vert gjeve tilbod om dataopplæring for seniorar. Han kan varmt tilrå dette kurset og meiner at dette bør alle kommunar tilby.

- Dette gjeld særleg dei generasjonane som ikkje har vakse opp med dette. Alt er ikkje sjølvforklarande. Dette kurset gjorde sitt til at eg forstod litt meir. No kan eg til dømes betala rekningar på nettet og nytta andre offentlege tenester. Men eg trur nok at eg treng repetisjon og oppfrisking etter kvart. Det kjem noko nytt heile tida, seier han.

Kurset er eit samarbeid mellom Treff+, Øygarden kommune og Harddisk.

Lite forkunnskap

Dag/dato Tid Stad
Torsdag 26. september 10.00-13.00 Straume innbyggartorg og bibliotek
Onsdag 2. oktober 10.00-13.00 Rong innbyggartorg og bibliotek
Onsdag 16. oktober 10.00-13.00 Skogsskiftet innbyggartorg og bibliotek

Noko forkunnskap

Dag/dato Tid Stad
Torsdag 24. oktober 10.00-13.00 Straume innbyggartorg og bibliotek
Onsdag 30. oktober 10.00-13.00 Rong innbyggartorg og bibliotek
Onsdag 6.november 10.00-13.00 Skogsskiftet innbyggartorg og bibliotek
Torsdag 14. november 10.00-13.00 Straume innbyggartorg og bibliotek

Oppfrisking av kunnskap for tidlegare kursdeltakarar

Dag/dato Tid Stad
Torsdag 5. desember 10.00-13.00 Straume innbyggartorg og bibliotek
Torsdag 12. desember 10.00-13.00 Straume innbyggartorg og bibliotek

Påmelding:

  • Reserver plass direkte på Harddisk sin nettside -under «kurs» kan du velja stad og dato.
  • Telefon Kim Kristiansen: 920 21 322 (meld deg på ønska stad og dato).
  • Epost Kim Kristiansen kim@harddisk.no
  • Meld deg på i Harddisk sin butikk på Sartor.

Harddisk Datapartner AS

Sartor Storsenter, Pb 244, 5342 Straume
Hordaland, Norway

Åpne lokasjon i Google Maps


Sosiale medier

Support

Tlf: 535 00 532
kontakt@harddisk.no

lukk

Harddisk Datapartner AS

Tlf: 535 00 532
kontakt@harddisk.no


Fjernstyring via TeamViewer

Tjenesten faktureres med minimum kr.395,- uavhengig av om problemet lar seg løse eller ikke, Utover dette koster tjenesten kr.395,- per påbegynte halvtime.

Dette gjør du

Last ned TeamViewer og start filen (link nederst). Et sted på skjermen vil du få spørsmål om å lagre filen. Velg å lagre filen på ditt skrivebord. Når filen er lagret, åpner du den for å få opp passordet som vi trenger for å koble oss til din maskin.

Last ned TeamViewer her